Korleis tinga legetime?
Ring 53673550, eller
send SMS: Skriv EIDFJORD fødselsdatoen din, namnet ditt, grad av hast, og send meldinga til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: EIDFJORD 0405190 Ola Hansen ynskjer time gjerne i neste veke.
Tenesta kostar kr. 6,- pr. motteken melding. Du kan sende meldinga når som helst på døgeret. Meldinga vert lesen i vanleg opningstid av kontorpersonalet.
Avbestilla time, eller endra timeavtale
Ring oss eller send EIDFJORD fødselsdato og namnet ditt med avbestillinga eller ynskjet om endring av time til 2097. Dersom du ikkje møter til time du har tinga, må du betala full konsultasjonspris.
Korleis tinga reseptar på faste medisinar?
Ring legekontoret, eller bestill medisin via nettsida vår.
Du kan også tinga via SMS slik: Skriv EIDFJORD fødselsdatoen din, namnet ditt, ynskje om medisin og dosering, til 2097.
Vaksinering
Eidfjord legekontor set ikkje lenger reisevaksiner.