Utviklinga av coronavirus-epidemien vert nøye fulgt i Eidfjord kommune, som i dei andre kommunane i landet. Det er laga ein plan for korleis legetenesta skal ta imot smitta pasientar, og legekontoret har lager av naudsynt smittevernutstyr og utstyr til prøvetaking. 

Det er pr i dag ikkje registrert smitte i Eidfjord.  

I tida som kjem kan folk i kommunen best hjelpa til med å avgrensa utbrot ved å styrkja vanlege smitteverntiltak, som handvask, hoste-rutinar m.v. Vi er og i høgsesong for influensa, og slike rutinar er nyttige mot slik sjukdom og. 

Om ein får luftvegssjukdom eller influensa-symptomer, er det viktig å halde seg heime til ein er heilt frisk igjen. Det ligg god informasjon om alt dette på folkehelseinstituttets nettsider, fhi.no 

Om folk mistenkjer smitte (er sjuke, og har voreopphald i dei land/regionar som er råka), skal dei ta kontakt med legekontoret 53673550 i tida 08-15 kvardagane, utanom dette legevakta 116117. Då vert det avtalt korleis ein skal forhalda seg og korleis eventuell prøvetaking skal gjennomførast. Einikkje møta uanmeldt på legekontoret. Dette for å hindra spreiing til andre sjuke pasientar. 

Helsing Kommuneoverlege/smittevernlege Rita Høvset.