Korleis tinga legetime?
Ring 53673550, eller
send SMS: Skriv EIDFJORD fødselsdatoen din, namnet ditt, grad av hast, og send meldinga til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: EIDFJORD 0405190 Ola Hansen ynskjer time gjerne i neste veke.
Tenesta kostar kr. 6,- pr. motteken melding. Du kan sende meldinga når som helst på døgeret. Meldinga vert lesen i vanleg opningstid av kontorpersonalet.
Avbestilla time, eller endra timeavtale
Ring oss eller send EIDFJORD fødselsdato og namnet ditt med avbestillinga eller ynskjet om endring av time til 2097. Dersom du ikkje møter til time du har tinga, må du betala for ikkje møtt til time.
Korleis tinga reseptar på faste medisinar?
Vi tilrår å bestilla reseptar gjennom HelseNorge
Du kan senda ei melding til fastlegen din og be om å få fornya resept på dine faste legemidler, medisinsk utstyr og anna som er på resept.
Via telefon: 53 67 35 50
Via telefon: Vi fornyar normalt reseptar i løpet av dagen. Gje oss beskjed om reseptane hastar.
Av og til ønskjer legen at du kjem til time for fornying. Dette vil du få beskjed om.
Vaksinering
Eidfjord legekontor set ikkje lenger reisevaksiner.